Sogndal: – Litt kaldt, men skikkeleg gøy, seier Stuart Robertson.
Han var ein av eit par titals deltakarar som våga seg ned unnarennet på Dampskipkaia i Sogndal onsdag. Han og makkeren sette utfor i ei barnekrybbe, spesialtilpassa med ski under for høvet.

Det enda i eit gedigent plask, etter det ikkje aller største svevet.
– Vatnet var eigentleg ikkje den største bekymringa, men om me kom oss over hoppkanten. Det gjekk så vidt, seier Torgeir Sørmo Holmslett.
Vinterleg gjensyn med kjent konsept
Den uhøgtidelege konkurransen markerte starten på den tiande utgåva av Fjellsportfestivalen I Sogndal. Mange tilskodarar hadde møtt fram for vera vitne til galskapen arrangørane hadde stelt i stand.
– Haustutgåva har vore ein stor publikumsuksess. Når det no er jubileum, så tenkte me at me måtte prøva om vinteren òg, seier festivalsjef Ragnhild Fagerslett.
– Det er ikkje kvar dag du får hoppa på ski utfor kaia, og så få boblebad etterpå. Det er litt eksklusivt det då, seier ho.

Har trua på ei stor festivalhelg
Fjellsportfestivalen har sidan starten bygd seg opp til å verta ein bauta for skimiljøet og bygda. Over tusen deltakarar betalar festivalpass kvart år. Dei tre neste dagane ventar eit tettpakka program med konkurransar, føredrag og konsertar.
Blant høgdepunkta kan det nemnast at den kinesiske utforen er tilbake og at det endeleg ser ut til at Freeride-konkurransen let seg gjennomføra.
Festivalsjefen er glad for at dei har fått starten dei hadde håpa på.
– Du blir veldig letta når du ser at det er så mykje folk og god stemning, og vêrmeldingane ser strålande ut. Då er det eigentleg berre gøy, seier Fagerslett.