Sjå bileta frå danseshowet

Unge lokale dansarar imponerte med eit variert og fartsfylt show framfor to fulle salar i Sogndal.

ELSKAR DANS: Fredrik Leirdal Henden (13) og Marielle Brandshaug (17) trivst best på dansegolvet.  
ELSKAR DANS: Fredrik Leirdal Henden (13) og Marielle Brandshaug (17) trivst best på dansegolvet.  

Sogndal: Fredrik Leirdal Henden (13) frå Luster og Marielle Brandshaug (17) frå Sogndal var i skyene etter to vellukka førestillingar for to fulle salar.

– Det er kjempekjekt å spre glede og energi. Det er ufatteleg morosamt, seier Fredrik Leirdal Henden.

Les også: Her legg dei siste finpuss på danseshowet

– Berre heilt fantastisk

Dans Utan Grenser er organisert rundt femten danseverkstader, dei fleste i Sogn og Fjordane, og byggjer på prinsippet om at unge lærer best av andre unge.

I år feirer organisasjonen tiårsjubileum, noko som blir feira med ein aldri så liten fylkesturnè. Dei har allereie framført i Florø, Askvoll, Førde og no i går, Sogndal. I dag er det duka for finaleshow i Årdal.

Marielle Brandshaug tykkjer det er ubeskriveleg kjekt å få drive med dans, og det for fulle salar.

– Det er noko ikkje alle er heldige nok til å få oppleve. Det at vi får vere ein del av dette er noko heilt unikt. Eg greier ikkje å komme på ord for å beskrive det, det er berre heilt fantastisk, seier ho.

Øver på stovegolvet heime

Sidemannen er ikkje mindre entusiastisk.

– Det er heilt utruleg. Det er nesten som du ikkje vil slutta, sjølv om du må, seier Leirdal Henden.

Det ligg mykje øving bak det ferdige resultatet, nesten eit år har gått med til førebuingane. Både i organiserte og mindre organiserte former.

– Det eg pleier å gjere er å tømme stovegolvet, sette på musikk og berre dansa, seier Leirdal Henden.

– Er det noko som er kjekkare enn å danse? 

– Nei, det er ingenting. Ingenting.

Til toppen