Årdal: For første gong sidan 2012 har kora og VDV samla seg i ungdomshuset i Øvre Årdal for å arrangera Syng med oss.
– Det var veldig fint. Både me som song og dei som var publikum hadde det veldig kjekt, seier arrangør og leiar i Årdalskoret, Eldbjørg Saksvikrønning.
Det har tidlegare vore tradisjon at kora møtest ein gong i året, men denne har halde på å døy ut dei siste åra. Saksvikrønning fortel at kora likevel har sunge saman ved andre samanhengar, som til dømes i kyrkja.
– Men ikkje Syng med oss. Så det var veldig artig, og me vil prøva å gjenta det til neste år, seier ho.