Sjå bileta frå fotballfesten

Fleire lag frå Sogn var med å kjempe om medaljar under KM i futsal i helga, men berre eitt lag greidde å gå heil til topps.

Sandane: Fleire var nære, men berre J13-laget til Lærdal greidde å ta KM-gull i innandørsfotball i helga.

Laurdag slo dei Florø 3-2 i finalen etter å ha kjempa seg gjennom turneringa med minst mogleg margin heile vegen.

Les også: Her kan du sjå reprise av kampane

Andre medaljørar var J15-laget til Sogndal og J16-laget til Syril, som begge tok heim bronsen.

Her er laga frå Sogn som var med å kjempe om medaljar: 

Laurdag:

Finale J13: Lærdal - Florø 3-2
Bronsefinale G13: Sogndal - Skavøypoll 0-1
Bronsefinale J15: Sandane - Sogndal 0-2

Søndag:

Bronsefinale G14: Sogndal - Skavøypoll 0-3
Finale J14: Stryn - Vik 1-0
Bronsefinale G16: Florø - Jotun 3-0
Bronsefinale J16: Kaupanger - Syril: 0-1

Til toppen