Øvre Årdal: Sjølv om regnet hadde teke over for snøen, klarte likevel årdølene å skapa julestemning fredag. Då var det nemleg duka for den årlege julegateopninga.
Det heile starta med fakkeltog frå alle dei fire himmelretningane. Deretter spelte Øvre Årdal Janitsjarkorps kjende julesongar. Og dei ulika kora i Årdal song nokre klassikarar før grana blei tent. Barnekoret ved KudraMudra framførte også nokre songar før gange rundt det tende juletreet stod på programmet.
Blant dei møtte var fireåringen Emil Sundal. Han nikka smilande etter å ha blitt spurt om fakkeltoget var moro.

Ein anna som var tilstades under opninga, var Julian Øien, saman med pappa Robert. Han synes også det var kjekt å gå i tog og hadde klare planar for resten av kvelden.
– Eg skal eta godteri!
– Travelt, men veldig kjekt
Rigmor Svanberg var ein av nissane som delte ut godteposar til ungane fredag.
– Det er travelt å vera nisse, men òg veldig kjekt. Det var mange blide ungar som kom, fortel ho.
Svanberg har vore nisse kvart år med Gamleskulen og synes godt om julegateopninga.
– Eg synes julegateopning er veldig koselig. Ungane er så flinke å synga. I tillegg er det fint at folk har ein plass å samlast.
På Årdalstangen går julegateopninga av stabelen onsdag. Der blir det blant anna tenning av grana og avduking av pepperkakelandsbyen.