Sjå bileta frå Nasjonalparkfestivalen sin fotokonkurranse 

Juryen fekk inn over 100 bilete i fotokonkurransen med tema "stemning". 

Årdal: Hans Smedegård stakk av med den gjeve 1. plassen og Hanne Stedje sikra seg publikumsprisen for årets fotokonkurranse. 

– Me fekk inn omlag like mange bilete som i fjor. Det gjorde juryen sin jobb ekstra vanskeleg og me hadde ei tøff tid med å bestemma vinnaren, seier Rigmor Solem, arrangør av Nasjonalparkfestivalen. 

Flotte naturfoto

Heilt til topps i kåringa gjekk Hans Smedegård fot bilete han hadde teke av Sognefjorden og Lustrafjorden ved Fagerset. Med på bilete var også hunden hans. 

2. plassen gjekk til Anders S. Hestetun for sitt vinterbilete som var teke av Hurrungane like ved Bjødnaholten i Seimsåsen. 

Gabor Imre Nyheim Igari stakk av med 3. plassen for sitt majestetiske fotografi av Vettisfossen. 

Under familiedagen i Skåri kunne publikum sjå alle dei 12 utvalget fotografia som var hengt opp. Her var bileta nummerert slik at folk kunne stemme på sitt favorittbilete.

Hanne Stedje stakk av med den gjeve prisen for andre året på rad med fotografiet av eit "jonsok-brudepar" som var teke i Seimsdalen.  

Tolka stemninga 

I utvelgelsen av vinnarbileta, måtte juryen fokusere på at årets tema var stemning. 

– Vinnarbilete til Smedegård syner stemning i tillegg til at fotografen sjølv opplever stemninga. Me vart gripen av augneblinken som skjedde og i tillegg var hunden ein fin detalj, forklarar juryen. 

Dei forklarar vidare at Hestetun sitt bilete av Hurrungane hadde ei spesiell, roleg og fin stemning over seg, ifølgje juryen. 

– Det var eit motiv frå ein plass som var litt ny og spennande. Bilete var mjukt og godt. Ellers kan me seie at juryen ikkje hadde ei lett oppgåve med å velja ut bileta. 

Bilete av Vettisfossen var også frå ein annleis vinkel enn det ein ofte er vandt med. Det gav utrykk av dal og område, i tillegg til at det var fine og friske fargar. 

Tett om publikumsprisen

– Publikumsavstemninga var marginal. Sjølv om det var same vinnar som i fjor, så vann ho med eit heilt anna type bilete, forklarar Frank Eldegard, arrangør av Nasjonalparlfestivalen. 

Det var Hanne Stedje som stakk av med årets publikumspris. 

– Bilete hennar var også plukka ut blant dei 10 beste bileta me fekk inn. Så litt samkøyrde med publikum var me. Det var mange som stemte ulikt på publikumsprisen, seier Eldegard. 

Nokre av bileta i fjorårets konkurranse vart hengt opp flate i sentrum av Årdalstangen. No håpar Eldegard at det same kan skje med årets bilete. 

– Me håpa å få tilatelse til å henga dei opp i Øvre og at det er tilgang på flate i sentrum. Det handlar om å skapa ein felles identitet for Årdal, seier han. 

Dei 12 bileta som hang på fjøsen framme i Skåri, vert hengande der ut sesongen. 

– Det var mange av turistane som gjekk der som merka seg bileta og studerte dei, seier Eldegard.

Plukka ut av Visit Norway

Nokre av dei som tok turen til Skåri på søndag har allereie spørd om å få ein printkopi av bileta som vart hengt på utstilling. 

– Det er noko me sikkert kan få til, men først må me spørja om lov av fotografane, seier Eldegrad. 

Visit Norway har også merka seg nokre av dei innsendte bileta. Fotografiet til Igari av Vettisfossen har blitt plukka ut som eit av bileta dei vil bruka i profileringa si. 

– Eg vil oppfordra alle årdøler til å publisere bilete av naturen i Årdal på Instragram når dei er på tur og merke bileta med hashtag #VisitArdal eller berre #Ardal. Dette er eit viktig medium for å gjere den vakre naturen vår synleg. Hashtag er viktig, avsluttar Eldegard. 

 

 

Til toppen