(Bilde: Halvor Farsund Storvik)
Opning av Spenst (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Sjå bileta frå opninga av treningssenteret: – Trur det er noko som kan vara

Mange har prøvd seg i kulturhuskjellaren utan å lukkast. Styreleiaren for Kulturhuset i Sogndal trur Spenst Sogndal har det som skal til.

Sogndal: – Det har vore mange ulike aktivitetar i denne kjellaretasjen her, men eg trur dette er noko som kan vara ei stund. Kombinasjonen mat, kultur og trening vil appellera til mange, seier Liv Synnøve Bøyum, styreleiar for Kulturhuset.

Ho tru at sentrum vil styrkast med det nye tilbodet, samstundes som Campus vil ha godt av litt avlasting.

– Eg jobbar no sjølv der oppe og ser at det er rimeleg stor trengsel til tider, seier Bøyum.

Yngve Hallen er styreleiar i Idrettssenteret, selskapet som eig Spenst Sogndal. Han seier dei kunne ha utvida på Fosshaugane, men at dei valde å etablere seg i Kulturhuset for få meir aktivitet i sentrum.

– Ikkje minst på grunn av den diskusjonen som har vore rundt plassering av nytt studenthus. Vi er hellig overbeviste om at Fosshaugane ikkje ville hatt eit så godt livsgrunnlag utan eit sterkt sentrum, seier ho.

Eirin Stuhaug Bolle er leiar i Spenst Norge. Ho er imponert over at det blir satsa så stort på ein såpass liten plass som Sogndal.

– Ikkje minst fordi dei jo allereie har eit stort idrettssenter der oppe på Campus. Det er veldig tøft og viser at dei er foroverlente, seier Stuhaug Bolle.

Til toppen