Sjå bileta frå siste juletrefesten på Ljøsne skule

Heilt sidan skulen opna for 60 år sidan har det vorte halde juletrefestar på Ljøsne skule. Nokre dagar før julafta i år vart den siste juletrefesten på skulen halden.

Lærdal: – Det var ein veldig koseleg juletrefest. Me hadde full sal og veldig fin stemninge. Eg snakka med alle etter programmet og sjølv om det var vemodig hadde alle bestemt for at dette skulle bli ein kjekk kveld. Og det hadde me, seier rektor Eva Hage Solstad.

Som kjent blir Ljøsne skule lagt ned når inneverande skuleår er omme. Juletrefesten er det største arrangementet på skulen i løpet av året, og desse festane har vore haldne sidan skulen opna midt på 50-talet.

– Ein fin, minnerik siste juletrefest

Men vemod til trass; dette skulle vera ungane sin kveld, påpeikar Hage Solstad:

– Dei har øvd og øvd på sketsjar og songar og gledde seg veldig til å spela skodespel. Det var innslag med tema som mobbing i regi av mellomsteget, juleevangeliet vart sjølvsagt dramatisert og me fekk ein parodi på oss lærarane som slo godt an i salen, fortel Hage Solstad.

I tillegg var det gang rundt juletreet med trekkspelmusikk av Audun Takle, ein dyktig felespelar i 6.klasse, Odin Sandvik, spelte og lærarane hadde førebudd eit nummer i all løyndom for elevane.

– Kva skal eg kalla det; luftsynkronsymjing? Det slo i alle fall veldig godt an, seier Hage Solstad.

Sandvik var også programleiar saman med Mathilde Tønjum. Og mot slutten var det to songar som rørte både rektoren og heile salen.

– Dei song til meg, eit heilt barnekor. Då vart eg sjølvsagt rørt. Til slutt reiste alle seg og song «Fager er jordi» - då var det tårer i augekroken hjå mange. Me hadde ein del tidlegare elevar på besøk, og dei var veldig lei seg for at dette var siste juletrefesten. Men me lukkast i å laga ein fin, minnerik siste juletrefest. 

Til toppen