Årdal: – Eg tykkjer det var kjempebra. Det var eit breitt spekter og alle gjorde ein flott innsats, seier Lotte Lerum.
Ho er lærling i barne- og ungdomsarbeidarfaget og det er dei som har vore arrangørar for den årlege kulturhendinga. Dei har planlagt alt og stått for programmet, med hjelp frå ungdomsklubben.

– Det er eit ganske stort ansvar, men veldig lærerikt, seier Lerum.
På scena fekk dei sjå eit breitt spekter av kulturelle innslag. I tillegg var planen å visa fram kunsten på storskjerm, men der ville ikkje teknikken spela på lag.
– Ungdomane tykkjer det er kjekt å visa fram det dei brukar veldig mykje av fritida si på. I tillegg får dei møta mange andre dei kanskje ikkje er med så mykje ellers, seier Lerum.
Fagpanelet besto av Ingrid Nordby Antonsen (kunst), Cecilie Hammer (dans), Helen Stølen og Marianne Brøyn Jordalen (ungdomsrepresentantar) og Arnt Kjetil Ellingsen (musikk).
– Dei tykte det var kjekt å sitta i juryen og sjå all kreativiteten, men det var veldig vanskeleg å plukka ut nokon når det var så mange flinke, seier Lerum.
Desse gjekk vidare til fylkesfestivalen:
Scene:
- Thea og Selina - Endless (eigenkomponert låt)
- Cactus - Nostalgia (eigenkomponert låt)
- Elitemessing - Gimme some lovin
- Tetanuz - Cthulhu Rise og Sleepless (eigenkomponerte låtar)
Kunst:
- Beatrice Juskaite - Meetingatalunchbrake
- Elisa Nesse - Fjedle
- Frida Hjelle Lidal - Problemløysaren
- Tirill Jevnaker Grytbakk - Skoglysing