(Foto: Petter Olsen/Fjellsportfestivalen)
(Foto: Petter Olsen/Fjellsportfestivalen)
(Foto: Petter Olsen/Fjellsportfestivalen)
(Foto: Petter Olsen/Fjellsportfestivalen)
(Foto: Petter Olsen/Fjellsportfestivalen)
(Foto: Petter Olsen/Fjellsportfestivalen)
(Foto: Petter Olsen/Fjellsportfestivalen)

Sjå bileta: Strålande sol og mykje publikum då frikøyrarane sette utfor

Etter fleire år med avlysingar vart frikøyringskonkurransen under Fjellsportfestivalen endeleg den skifesten alle hadde håpa på.

Sogndal: Torbjørn Paulsen har konkurrert i frikøyring sidan 1997 og køyrer for det lokale merket Furberg Snowboards frå Sogndal.

Torsdag tok han førsteplassen i snowboardklassen for menn under Sogndal Freeride, på årets første norgescuprenn i 2018, og det som var første dag av Fjellsportfestivalen.

TIL TOPPS: Veteranen Torbjørn Paulsen tok førsteplassen i snowboardklassen for menn torsdag. Foto: Synne Asheim Haga

– Eg er ein gamal kar, så eg køyrer på litt erfaring. Eg visste kor alle andre skulle i dag, dei skulle ut på bratta og potensielt tryna. Eg køyrte truleg den tryggaste linja, og visste kor eg skulle for å få med mest mogleg element, køyra god snø, berre senka skuldrene og ha det artig, seier Poulsen.

Video frå den spektakulære konkurransen kan du sjå her.

Han seier han har eit spesielt forhold til Sogndal, etter å ha vore her fleire gongar.

– Sogndal leverer alltid, så eg kjem tilbake neste år, seier Poulsen.

Av lokale køyrarar gjorde Ivar Løvik frå Sogndal det sterkt med ein andreplass i alpintklassen, medan Sigrid Skjerdal frå Aurland tok sølvet i snowboardklassen for kvinner.

Dei par siste åra har frikøyringskonkurransen under Fjellsportfestivalen blitt avlyst på grunn av dårleg vêr. Festivalsjefen synst difor det var ekstra godt at skikøyrarane endeleg fekk setta utfor, og attpåtil i perfekte forhold.

– Det er jo slikt ein håper på, at det skal bli puddersnø og knallbå himmel. Det er så bra som det kan få blitt. I tillegg var det mykje publikum som såg på, og det var med å skapa ei veldig fin ramme rundt heile arrangementet, seier Ragnhild Fagerslett.

Til toppen