Sjå bilete frå avslutninga med friidrettsgruppa

Førre torsdag var det avslutning med friidrettsgruppa i Lærdal.

Lærdal: Friidretten er ferdig for i år i Lærdal, og leiar Bjørghild Holien er godt nøgd med sesongen som har vore.

– Det er kjekt å driva med friidrett når ein har så ivige ungar med seg og ikkje minst foreldre som stiller opp, seier leiaren i friidrett.

Spenstige hopp, gode lengder i lengdegripa og kast med stor og liten ball, samt full fart på 60 meter med stafett som avslutning, gjorde avslutninga på sesongen god.

Dei som har vore med på tre kveldar eller fleire, fekk fine premier for innsatsen. Nesten 40 ungar har vore med i løpet av året, og om lag 18 foreldre og besteforeldre har stilt opp som medhjelparar.

Øvst i artikkelen kan du sjå eit galleri frå avslutninga.

Til toppen