Kaupanger: Fredag opna den nye fabrikken til Lerum på Kaupanger.
– Endeleg er me samla under eit tak, sa Trine Lerum Hjellhaug.
- Les òg: Fabrikken til Lerum er opna.
– No blir det meir effektivt
Styreleiar Sverre Tysland og styremedlem Kristine Aasheim tykte det var fantastisk å vera med på opninga.

– Det er ein stor milepæl, og eit stort og viktig prosjekt som endeleg skal opnast. Det er historisk å få samlokalisert saft- og syltetøyproduksjon, i tillegg til kontor.
Dei påpeikar at det heile blir meir effektivt når alt er samla under eit tak.
– Ein får meir moglegheit til innovasjon og utvikling. Her kjem det til å pulsera i forhold til tidlegare. Lerum har fått ein heilt ny syltetøyfabrikk med topp moderne utstyr som ikkje var mogleg i det gamle anlegget, seier Aasheim.




