STOR DAG: Mange unge lærdøler hadde gjort seg fortent til premie for innsatsen gjennom vinteren.
STOR DAG: Mange unge lærdøler hadde gjort seg fortent til premie for innsatsen gjennom vinteren.
STOR DAG: Mange unge lærdøler hadde gjort seg fortent til premie for innsatsen gjennom vinteren.
POPULÆRT: Totalt hadde skigruppa 46 individuelle deltakarar på cuprenn gjennom sesongen.
GOD SESONG: Løypa på Kvamme blei trakka første gong i slutten av november og siste gong palmehelga.

Sjå bilete frå den store premiedagen i Lærdal

Etter ein lang og snørik vinter, var det på tide for ungane i Lærdal å feira avslutninga på sesongen.

Lærdal: Tysdag denne veka var det premieutdeling på Borgund samfunnshus etter ein vintersesong med barneidrett, skyteskule og skicuprenn. Deltakarer og foreldre var samla til premiedryss, kaker, kaffi, pølser og brus. Birgit Lunde, som sluttar etter 18 år i skigruppa, fekk ei heidersutnemning.

– Totalt hadde skigruppa 46 individuelle deltakarar på cuprenn gjennom sesongen, noko me er godt nøgd med, skriv Heine Linga, leiar i skigruppa til Lærdal IL i ei pressemelding.

Totalt har det vore arrangert fire cuprenn og teknikktrening onsdagar mellom januar og mars.

– Det har vore ein strålande sesong for skiaktivitet på Borgund denne vinteren. Løypa på Kvamme blei trakka første gong i slutten av november og siste gong palmehelga. Det er sjeldan snøen ligg stabilt så lenge, skriv Linge.

Til toppen