Sjå bilete frå den storstilte konserten

180 elevar, dans, song, korps og band. Kulturskulekonserten i Årdal vart ein stor suksess.

Årdal: – No er me veldig nøgde. Det har vore ein stor jobb å sy i hop dette, men det kunne ikkje ha gått betre, seier Sigyn Øren, rektor i Musikk- og kulturskulen i Årdal.

Fulle hus

180 ungar og ungdommar har stått på dei siste dagane for å drilla inn og gjennomføra konserten "Soul, Funk & Summer". Søndag hadde dei generalprøve før konserten gjekk av stabelen to gonger - måndag og tysdag kveld 

– Me er alle slitne no, men det har verkeleg vore verdt det. Ungane får veldig mykje skryt av dei vaksne, og det fortener dei verkeleg.  Me har hatt eit entusiastisk publikum som gav ståande applaus.

Måndagskonserten var utseld, tysdag møtte også mykje publikum opp - det var berre nokre få seter ledige bakarst i salen. 

– Til saman er det snakk om nesten 400 personar som har vore og sett på til saman desse to dagane, seier Øren.

Mest mogleg på kortast mogleg tid

Avslutningskonserten for musikk- og kulturskulen er eit årleg innslag. Lærarane legg opp til ulike tema kvart år, og denne gongen fall det altså ned på "Soul, funk & summer". Til saman 17 innslag på halvannan time fekk publikum servert. Nokre innslag med hovudvekt på song, andre hadde blåsarrekkjer, eit par innslag med piano i framgrunnen og fleire dansenummer utgjorde innhaldet i dei 17 innslaga. Musikkstykkja kom frå musikarar som Beyonce, Rihanna, Jimi Hendrix, James Brown og Bruno Mars.

 – Me må få inn mest mogleg på kortast mogleg tid for å få med så mange elevar som mogleg. Me har så mange elevar i Øvre og på Tangen at me er nøydde til å gå for store nummer framfor mange solistinnslag - då hadde konserten måtte vara mange timar skulle me ha fått med alle. Desse nummera krevjer mykje logistikk, men det går alltid bra og me landar på føtene, seier Øren.

80 elevar stod det på scena samstundes under avslutningsnummeret "Uptown funk". Og dette var altså berre knapt halvparten av det totale antalet unge artistar denne kvelden i Årdal Kulturhus.

– Huset har eigentleg ikkje kapasitet til så mange som me var, så nokre elevar måtte me senda heim etter at dei var ferdige med nummera sine, elles ville det ikkje vorte plass bak scena. 

Til toppen