Årdal: Det var ein stemningsfull konsert i Farnes kyrkje. Han byrja med eit blåsekvintett-preludium.
Dei fyrste til å stå på scena framme i kyrkjerommet var born frå Miniklubben og Kurdramudra. Dei song tre julesongar og tente dei tre fyrste lysa i advent.
Deretter fekk Farnes skulemusikk sleppa til, og innimellom fleire allsongar og ei lita andakt, fylgde dei andre musikantane i denne rekkefylgja: Årdalskoret, Farnes mannskor, Årdal gospelkor og Øvre Årdal janitsjar.
Tradisjonen tru vart julekonserten runda av med allsong av Fager er jordi.