Sjå bilete frå snowboardfesten i Hodlekve

Ny og uhøgtideleg konkurranse samla masse folk i skibakken i Sogndal. Sjå video og bilete!

Sogndal: I helga gjekk snowboardkonkurransen Furberg Banked Slalom av stabelen i Hodlekve for andre gong. 

Bak står den lokale svenske snowboardprodusenten Daniel Furberg, som hadde ein tanke om å lage eit arrangement med låg terskel for å delta.

– Det er klart at konkurranseinstinktet vaknar når du får startnummeret på deg, men hovudpoenget er at det skal vere kjekt, seier han.

Les også: Dalalåven skal bli den nye samlingsplassen i Hodlekve
Les også: SGNskis drøymer om skifabrikk i Sogndal

Over femti deltakarar frå heile Norge koste seg med sol, grilling og musikk i bakken.

– Vanlegvis er det mest skikøyrarar i bakkane, så det er kult å samle masse snowboardkøyrarar, seier Furberg.

Vinnaren Ola Rudi køyrer i verdscupen i brettcross, medan andre deltakarar vanlegvis berre står på ski.

– Så det var varierande nivå. Men det er litt av tanken bak det òg, at det ikkje skal vere så alvorleg, seier Daniel Furberg.

Her kan du sjå videoen som vart laga då konkurransen var over:

Til toppen