Sjå biletgalleri frå familiedagen og Vettisløpet 

Nasjonalparkfestivalen er over for i år etter fem innhaldsrike dagar med løp, dåp, konkurransar, konsert og kurs. 

Årdal: Grunna ustabilt vêr i mai, vurderer no arrangørane i Nasjonalparkfestivalen å flytte festivalen til slutten av juni til neste år. 

– Dagen i dag har gått over all forventning, trass i vêret, seier Rigmor Solem, arrangør av Nasjonalparkfestivalen etter familiedagen og Vettisløpet søndag ettermiddag. 

Les også: Havkajakk, fotokurs, fjelltindar og «Dr. Philgoodkveld»

Sjå biletgalleri øverst i saka ved å klikke på pilene til høgre. 

Les også: Lagar fest av natur og kultur

Vil flytta festivalen

Sjølv om deltakinga har vore bra på blant anna foto- og kajakkurs og arrangementet "Ne for sjø'n", skulle arrangørane ha ønskja at fleire tok turen på føredraga og konserten. Fossevandringa som var planlagt laurdag vart også avlyst grunna liten påmelding. 

Les også: Knall stemning «Ne for sjø’n»

– Me hadde ein fantstisk konsert fredag kveld i kulturhuset der mellom 70 og 80 personar kom for å høyra på. Det var lite. Alle andre gjekk glipp av ein god konsert den kvelden, seier Solem. 

Les også: «The Voice» artist klar med nasjonalromantisk konsert

Arrangørane har no diskutert om dei skal flytte festivalen til slutten av juni til neste år. 

Les også: Tindekvinna som klatra alle 2000-meterstoppane i Noreg

– Me har vore inne på tanken om å slå oss saman med Fjøsbluesen på Avdal Gard som er i starten av juli. I tillegg opnar turisthyttene først i slutten av juni. Kanskje vêret er meir stabilt på den tida av sommaren også, seier Solem. 

Målrock fekk Slingsby-pris

Årets Slingsby-pris gjekk til Stiftinga Målrock som vart skipa 18. februar 2003 med føremålet å vera arrangør av ein årleg Målrockfestival i Årdal.

Prisen vart delt ut på avslutninga av nasjonalparkfestivalen under Skåri.

Prisen er på 3.000 kroner og eit diplom, som er avtrykk av eit bokmerke den kjende fjellmannen William Cecil Slingsby brukte.

Til toppen