Sjå biletserie og video frå Barneturnstemne i Årdal

Over 1000 spreke og unge turnarar var denne helga samla i Øvre Årdal då Jotun IL arrangerte fylkesstemne i turn. 

Årdal: Laurdag og søndag var det fleire spektakulære hopp og svev i Årdalshallen i Øvre Årdal. 

– Det har vore over all forventing. Ingen hadde forventa at det skulle gå så knirkefritt som det gjorde, seier Sofie Moen, leiar for turnstemnet. 

Luftige svev, spreke ungdommar og eit fantastisk show var noko av det publikum hadde gleda av å få med seg under årets Barneturnstemne. 

Her kan du sjå ein video av noko av det som skjedde i helga: 

For å sjå fleire bilete frå turnstemne, bla bortover på hovudbilete i saka. 

Veldig stolte

Fleire frå dei 13 turnlaga i fylket hadde mykje flott å sei om jobben som turngruppa i Jotun IL hadde lagt ned denne helga. 

– Me fekk mykje klemmar og helsingar. Nokre sa til og med at det var det beste stemnet dei hadde vore på, seier Moen. 

Etter at turngruppa har fått summa seg og tatt innover seg alt som skjedde i helga, er det tid for evaluering. 

– Me er skikkelig stolte over turngruppene. Jotun hadde si beste framsyning nokon sinne. På stemnet var det ekstra bra, kanskje dei yter best under presse, seier Moen. 

Stemnet vart avslutta med premieutdeling der alle som hadde delteke, fekk medalje. 

Neste års fylkesstemnet skal vere i Måløy. 

Til toppen