Sjå debatten om regionreforma i opptak her

Sjå debatten om regionreforma i opptak her

Sjå direkte frå fylkestingsmøtet på Leikanger. 

Leikanger: Onsdag skal fylkestinget i Sogn og Fjordane ta stilling til om dei ønskjer å fortsette inn i ein Vestlandsregion. 

Måndag sa fylkesutvalet ja, men regionreforma har fått seg eit skot for baugen då det ser ut til at Rogaland seier nei – iallfall til å ha med Sogn og Fjordane. 

– Det har vore ein lang prosess, der me gjorde det første vedtaket i desember i fjor. No skal me gi vårt råd om kva Sogn og Fjordane ser føre seg når Stortinget har sagt at tal fylkeskommunar skal halverast, sa fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til Porten.no tysdag. 

– Eg trur det ligg tungt på alle politikarar at me er eit fylke som ikkje vil splittast opp og vere fritt vilt. Viss Stortinget gjer alvor av å halvere tal fylkeskommunar, då skjer det noko med vårt fylke, og då vil me vere samla. 

Sendinga startar 10.00.

Til toppen