Sogn: I eit og eit halv år har me i Porten.no oppmoda lesarane våre til å publisera bilete frå kvardagen på Instagram med emneknaggen #MittPorten.
Kvar veke har redaksjonen plukka ut eit bilete, for så å ta ein prat med fotografen i spalta Vekas Foto.
Mange har delt flotte bilete med emneknaggen, men dessverre er det ikkje alle som kan bli utplukka til Vekas Foto. Me har difor samla ei knippe i dette bildegalleriet for å visa nokre av rekasjonen sine favorittar frå det siste halvåret.
Me i redaksjonen set pris på alle bilete som blir tagga med #MittPorten, og ser fram til å sjå gjennom mange fleire bidrag i 2020.
Bileta er kreditert med brukarnamn frå Instagram.
- Les òg: Jaktar haustsola på toppane
Vil du dela eit bilete med oss? Bruk taggen #MittPorten på Instagram eller send til tips@porten.no.