MODERNE: Utbygginga er delt opp i fem blokker, noko som gir luft og siktlinjer frå gateplan, men samstundes meir ruvande arkitektur enn sogndølene har vore vane med. Den kvite brygga til venstre er òg berre illustrasjon over korleis det kan bli sjåande ut om 5-7 år.
MODERNE: Utbygginga er delt opp i fem blokker, noko som gir luft og siktlinjer frå gateplan, men samstundes meir ruvande arkitektur enn sogndølene har vore vane med. Den kvite brygga til venstre er òg berre illustrasjon over korleis det kan bli sjåande ut om 5-7 år. (Lerum Brygge AS)

Sjå dei ferske planane for Lerum brygge

Fem høgblokker med 130 leiligheiter, med eit yrande liv på kaien, torg, servering og brygger, er noko av det utbyggarane ser for seg ved fjordkanten i Sogndal. 

Sogndal: Rett før jul sende utbyggarane bak Lerum brygge detaljreguleringa inn til handsaming i kommunen. Etter kvart skal den ut på høyring.

Målet med planen no er å visa korleis utforminga og siktlinjene passar inn med husa rundt. Planene vil legga rammene for den vidare utbygginga, men endelege utforminga, val av material, fasadar og fargar, blir bestemt seinare.

– Det me viser no er korleis det kan byggast, detaljane kjem først med rammesøknaden, seier prosjektleiar Stig Melbø i Lerum Brygge AS.

LERUM BRYGGE: Veidekke og ei rekkje lokale aktørar jobbar saman om prosjektet som har fått namnet Lerum brygge. Foto: Veidekke.
LERUM BRYGGE: Veidekke og ei rekkje lokale aktørar jobbar saman om prosjektet som har fått namnet Lerum brygge. Foto: Veidekke.

Høgt, men luftig

Prosjektet består av fem byggetrinn med rundt 130 bustadar og noko næring. I pressemeldinga skriv utbyggaren at ambisjonen er å skapa på kaia, mellom anna gjennom servering og anna publikumsretta aktivitet.

– Slik det står no meiner me det er veldig bra med fem bygningskroppar. Det blir ein slags gatestruktur og gir meir luft imellom, til forskjell frå om det var èin stor stor bygningsmasse. Det blir betre for kaia og dei rundt at det blir delt opp i mindre einingar, sjølv om du då automatisk vil koma litt høgare, seier Melbø.

Salsstart i 2018

Viss alt går som normalt og saksgangen ikkje stoppar opp nokon plass, håpar han at salet av dei første leiligheitene kan starta allereie i tredje kvartal i år. Forventa gjennomføringstid er fem til sju år. Men først skal den gamle fabrikken til Lerum rivast.

– Når me har nok sal for bygg èin, så går me for byggestart og då vil me riva fabrikken, seier Melbø, som trur det kan skje ein gang rundt årsskiftet neste år.

Til toppen