CHAMPION: Laila Røneid og hunden Ariel sikra tittelen rallylydigheitschampion. (Foto: Privat)

Sjå dei kniva om å bli flinkaste bisk i Årdal

For fjerde år på rad kom hundeeigarar frå heile Sør-Norge til Årdal for å konkurrera om kven som har den mest lydige hunden.

Årdal: På hundestemnet i ridehallen i Seimsdalen var det 30 par hundar og førarar, litt færre enn tidlegare år. 

– Kanskje er det fordi regelverket vart endra frå nyttår og fordi mange ikkje har ein stad å trena inne om vinteren, seier Laila Røneid frå Årdal, leiar for spanielklubben i Sogn og Fjordane.

Ny sport i Norge

CHAMPION: Laila Røneid og hunden Ariel sikra tittelen rallylydigheitschampion. Foto: Privat

Rallylydigheit, eller rallylydnad på korrekt nynorsk, er ein ganske ny hundesport her i Norge. Den går ut på at førar og hund går rundt ei bane der det står utplassert skilt med oppgåver dei skal løysa.

Bana er ny kvar gong, og førarane har ti minutt før start til å tenka gjennom taktikken. Èin forskjell frå tradisjonell hundesport er at eigaren har lov til å oppmuntra hunden sin undervegs. 

– Hovudfokuset er glede og samspel, seier Røneid.

Gode resultat til sogningane

Dei fleiste deltakarane er tilreisande frå Austlandet og Vestlandet. Frå Sogn var det fem deltakarar, to frå Årdal, to frå Luster og èin frå Sogndal. 

Sjølv om dei var få, greidde indresogningane å markera seg. Kjetil Haug og Aron frå Årdal vann klasse 1 med 1. premie laurdag og fekk opprykk til klasse 2. Andre gode plasseringar vart sikra av Inger Handegård og Xmilla frå Luster, Gunnveig Fretland Hodlekve og Lucky frå Sogndal, og Eva Røneid frå Luster med Caisa og Betzy.

Laila Røneid sjølv og hunden Ariel tok sin tredje 1. premie i eliteklassen, noko som sikra dei tittelen rallylydigheitschampion.

– Det vart eit godt gjennomført stemne med mange dyktige hundar og førarar, fine forhold i ridehallen og fantastisk vær. Årdal fekk verkeleg synt seg frå si beste side, seier Røneid.

Til toppen