KJAPP JOBB: Denne videoen er sett saman av 13.500 bilete som vart tekne frå ca. klokka 10.00 til 21.30 i går kveld, då dei to første seksjonane frå den gamle brua vart fjerna. (Video: Tommy Harjo)

Sjå demonteringa av Loftesnesbrui komprimert frå over elleve timar til under eitt minutt

Det har kome mange kreative forslag til kva gamlebrua kan brukast til, men ho endar nok som spikar. Her kan du sjå korleis demonteringa gjekk for seg i hurtig film.

Sogndal: Som eit omvendt puslespel vart den tredje delen av den gamle Loftesnesbrui i dag brent laus og heisa vekk med kran. Fire står att og til slutt skal betongfundamenta ute i sjøen òg vekk.

– Entreprenøren har eit mål om å bli ferdig med arbeidet før dei tek juleferie. Men då skal alt klaffa, seier Gunnar Solbakken i Statens vegvesen.

HISTORISK LØFT: I fjor vart hovudspennet på den nye Loftesnesbrui løfta på plass av Norges største kranbåt. Foto: Øyvind Nondal
HISTORISK LØFT: I fjor vart hovudspennet på den nye Loftesnesbrui løfta på plass av Norges største kranbåt. Foto: Øyvind Nondal

Han har personleg ingen vemodige tankar om at brua frå 1958 no skal bli til spiker.

– Men eg merkar på folk eg treffer at mange har vakse opp med ho og hatt eit forhold til ho. Det er eit merke som blir vekk, som har vore der i storparten av livet for mange og det må ein ha respekt for, seier Solbakken.

Samstundes har det kome mange gode forslag til kva gamlebrua kan brukast til, no når ho blir til overs. Eitt forslag er å skjera av ein bit og legga over Dalaelvi så det endeleg blir bru frå lerumkaia og bort til slakteritomta i sentrum. Eitt anna er å løfta ho heil og køyra ho ut i Esefjorden i Balestrand. Andre har føreslått å ha bogen på brua som scene framfor kommunehuset.

– Det er òg mange som ikkje har fått med seg at ho skal rivast i det heile og spør om ho skal stå og om ho er tenkt som gangbru eller noko, seier Solbakken, som må opplysa om at gamlebrua står i vegen for den nye.

– Ho blir nok plukka i sund i bitar og levert til gjenbruk, seier Solbakken.

Til toppen