Årdal: I år har 17. mai-komitèane på Årdalstangen og i Øvre Årdal samarbeida med å lage eit digitalt program for heile kommunen.
– Det er jo ei spesiell tid, så kom dei siste retningslinjene den 8. mai og me har snakka med kommunen om kva me skal få lov til å gjera. I staden for at det ikkje skulle bli nokon ting, slo me oss saman. Det blei gjort litt symbolsk og i solidaritet til den tida me er oppe i, seier Ketil Thorbjørnsen, som sit i 17. mai-komitèn på Årdalstangen.
Det digitale programmet som er blitt laga, skal speigla det programmet som vanlegvis pleier å vera i dei to bygdene. Samstundes har det vore viktig å få med folk både frå Årdalstangen og Øvre Årdal, gjennom heile videoen.
Programmet for videoen nedst i saka ser slik ut:
- Representantar frå Årdalstngen Musikklag og Øvre Årdal Janitsjarkorps spelar Ja, vi elsker
- Barna sin tale, ved Ingrid Nes og Johannes Paulides
- Korpsrepresentantane spelar Kongesangen
- Innslag frå Frida Tryti Hunshammer og Andreas Hillestad Aannevik
- Tale ved Egon Moen
- Innslag frå Frida Tryti Hunshammer og Andreas Hillestad Aannevik
- Russetale ved Tobias Røneid og Eskil Holsæter
- Korpsrepresentantane spelar Norge i rødt, hvitt og blått