LITEN TASS: Det er berre nokre månader sidan denne reven berre var ein bitte liten kvalp, fortel ferjemannskapet på "MF Sogn".

VIDEO

Mikkel kom tett på då han prøvde matlukka på Mannheller

Alt som liten kvalp søkte han kontakt med folk på ferjekaia i Mannheller, men han har ein revefamilie som han høyrer til i.  Sjå video!

Sogndal: — Då reven tok til å smake på fingrane mine, tenkte eg det var tryggare å ha noko mellom oss. Men det verka som at reven var lur nok til å skjønne at kortet ikkje var mat, han var ikkje imponert over det eg fann fram, seier filmaren av reven, Synne Asheim Haga, som jobbar kommersielt i Porten.no.

Inne på ferja var mannskapet ombord vel kjende med reven:

— I går var det to som kom ned, men han andre fór med ein gong. Dei andre i familien er redde, og fer med ein gong me kjem, fortel Johannes Borlaug. 

Mannskapet på ferja fortel at dei trur det er fire revar, ein liten revefamilie. To kvalpar og eit revepar.

— Det er den eine kvalpen som er so og seia tam, fortel Borlaug.

Han trur den reven var litt meir blåøygd som ung kvalp enn den andre, og gjekk og helste på folk. Og so vart han vand med å helsa på folk. 

REVEHISTORIER: Det viste seg at ferjemannskapet  hadde mange revehistorier på lur, knytte til ferjesambandet Mannheller-Fodnes.  Frå venstre Johannes Borlaug, Bjarne Øpstebø, Hildur Kråkenes Hovland og Ragnar Arnason. Arnason har i årevis teke fine bilete av Mannheller-revane som han synte fram på telefonen.
REVEHISTORIER: Det viste seg at ferjemannskapet  hadde mange revehistorier på lur, knytte til ferjesambandet Mannheller-Fodnes.
Frå venstre Johannes Borlaug, Bjarne Øpstebø, Hildur Kråkenes Hovland og Ragnar Arnason. Arnason har i årevis teke fine bilete av Mannheller-revane som han synte fram på telefonen.
Foto:  Synne Asheim Haga

— Og no har han fått på seg so flott vinterpels og ser mykje større ut enn han eigentleg er. Han er jo berre nokre månader gamal. No har han jammen vorten fin, seier Borlaug.

Ferjemannskapet har vorte glade i den vesle raude maskoten. Og når Borlaug fyrst skjemtar med at han er so vakker at det kunne vorte ein fin revepels av han, seier han snøgt etterpå, med alvorleg mine:

— Revefamilien ved ferjekaia er freda. Mannskapa på «MF Sogn» og «MF Lifjord» har freda familien på Mannheller.

Øpstebø, Hovland og Arnason nikkar og smiler og seier at slik er det. 

Revane er uransakelege i måten dei fer fram på

Mannskapet seier det er Bjarne Øpstebø som oftast helsar på reven når ferja klappar til kai. Men det er Johannes Borlaug som fortel aller mest, og det er veldig spanande å lytta til det han fortel:

— Det er altså han eine som er nede og ser etter mat. Får han tak i mykje, so går han opp i skogen og grev det ned. Raudreven lagrar eit opplag av mat der oppi lia, seier Borlaug.

KVAR SI REVEHISTORIE: Borlaug (t.v.) og Hovland, fortel om både den reven som tok ferja att og fram, og den som gjekk av på Fodnes og slo seg ned på hi sida av fjorden. 
KVAR SI REVEHISTORIE: Borlaug (t.v.) og Hovland, fortel om både den reven som tok ferja att og fram, og den som gjekk av på Fodnes og slo seg ned på hi sida av fjorden.  Foto:  Synne Asheim Haga

Og so fortel han om ein rev som var med ferja for eit par tre år sidan: 

Det var ein rev som kom til oss på same viset, på Mannheller. Og ein gong vart han med, og fekk skyss over til Fodnes. Og i Fodnes gjekk han i land. Me vart liggjande ei stund til kai ved Fodnes, og før me skulle til å fara attende, so kom han ombord att, og vart med attende til Mannheller. 

— Men vart ikkje reven fælen då ferjeporten gjekk att, kjende han seg ikkje fanga?

— Han tok det heilt fint. Det var so få folk med ferja den gongen òg, han var heilt roleg og heldt seg på dekk. Og han løyste ikkje billett korkje den eine eller andre vegen, seier dei og ler.

Då fortel Bjarne Øpstebø at også den kvalpen som er ved Mannheller no, ein gong freista å koma med ferja etter at bilane hadde køyrd på. Men Øpstebø skauv han unna, han ville ikkje skilja han frå familien sin. 

—Og so var det den andre reven også, som jo vart med over til Fodnes, og sprang i land der, og aldri kom att. Han må ha slått rot på sørsida av fjorden, fortel Hildur Hovland. 

Revetradisjon?

Og no byrjar Johannes Borlaug å filosofere omkring desse revane:

—Det er som om ein revetradisjon har oppstått her ved Mannheller. Dei er nok kanskje alle frå same ætta. Kanskje den Mannheller-kvalpen har litt å slekta på. 

Desse revane håpar altso på å få mat frå folk som kjem forbi. Som ein tydeleg ser i videoen øvst, håpar han på noko godt. Men når det gjeld publikum som kjem til Mannheller, so treng ein ikkje å ha dårleg samvit om ein ikkje har ein kjøtbite til overs, i alle fall ikkje denne hausten.

Dei som nyss har gått ein kveldstur langs vegane denne hausten, har kanskje høyrt korleis det kjem små pip frå vegkanten over alt. Det er lemenår i år, og revane har enkel mattilgang i rik mon.

Men kanskje til neste år nokre kjøt-almisser vil kome desto meir vel med for Mannheller-kvalpen.

Til toppen