I starten av førre månad sendte Porten.no direkte frå eit kommunestyremøte i Årdal for første gong med levande bilete og lyd.
Porten.no ønskjer å formidle stadig meir nyhende i form av video og har eit mål om satse meir på denne platformen.
Ønsket er at ein gradvis kjem til å sende direkte frå slike møter oftare og oftare. Det gjeld ikkje berre politikk, men også andre hendingar i Årdal og Lærdal.
Difor sender ein direkte frå møtet i kontrollutvalet torsdag kveld. Møtet startar 18.00, og du kan følgje møtet i videovindauget øvst i artikkelen då.