WEBKAMERA: Slik ser det ut langs fylkesveg 53 ved Tyinosen onsdag morgon. Foto: Statens vegvesen. 
WEBKAMERA: Slik ser det ut langs fylkesveg 53 ved Tyinosen onsdag morgon. Foto: Statens vegvesen. 

Sjå direkte oppdatering av påskevêret

Sjekk ut forholda i fjellet før du reiser på påskeferie med hjelp av dei 450 webkamera langs norske vegar. 

Dei 450 webkamera som Statens vegvesen har plasser på tunnelar og fjellheimar i heile Noreg kan vere til stor hjelp når ein planleggjer påsketuren. 

– Vi har satsa spesielt på mange kamera på høgfjellsovergangane. I tillegg er det plukka ut fleire strategiske innfartsårer og kjende punkt med kø når det er mykje trafikk, seier Thor-Anders Amundsen i Statens vegvesen i ei pressmelding. 

Les også: Vegtrafikksentralen oppdaterer på Twitter

Sjekke køyreforholda 

Skal du ut på langtur, kan det vere ein god idé å sjekke webkameraa til Vegvesenet for å få eit inntrykk av kva køyreforhold du kan vente deg, opplyser Statens vegvesen på eigen nettstad.

Slik ser det til dømes ut på E16 Filefjell ved Varden som ligg på 1009 høgdemeter over havet. 

Ifølgje trafikken på nettadressa vegvesen.no er det kameraa ved Dyranut, Hemsedalsfjellet, Filefjell, Stryken, Rena og Kvikneskogen som er dei mest «populære». 

Få ein oversikt over alle webkamera her

Personvern

På bileta ser ein vegen og litt av omgivnaden. Ein kan zoome seg inn på ein bestemt reiseveg og sjå på kvar av dei over 450 webkameraene langs dei norske vegene.

Personverne er ivareteken og det skal ikkje vere mogleg å kjenne igjen personar eller bilskilt på bileta.

Her ser ein til dømes E16 ved Borlaugkrysset i retning Lærdal onsdag morgon. 

 

Til toppen