HISTORISK DAG: I dag blir framtida til Sogn og Fjordane avgjort. Eit fleirtal av fylkespolitikarane går truleg for samanslåing med Hordaland. Foto: arkiv.
HISTORISK DAG: I dag blir framtida til Sogn og Fjordane avgjort. Eit fleirtal av fylkespolitikarane går truleg for samanslåing med Hordaland. Foto: arkiv. (Foto: Arkiv/Sogn og Fjordane fylkeskommune.)

Sjå direkte: Snart er Sogn og Fjordane historie​

Det historiske vedtaket i fylkestinget blir strøyma direkte. Følg møtet frå klokka 13.00.

Leikanger: Det er venta at eit fleirtal av fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane vil gje si velsigning til ei samanslåing med Hordaland. 

I dag skal dei stemme over avtalen som vart forhandla fram i januar, ein avtale som gjer Bergen til hovudstad og nynorsk til administrasjonsspråk.

Følg sendinga frå fylkestinget i videoen nedst i saka.

Rådet frå fylkesutvalet er at det blir stilt to krav før samanslåinga: det eine er at talet fylke må reduserast til om lag ti og at staten må gje det nye regionale nivået meir makt og nye oppgåver. Viss ikkje skal Sogn og Fjordane halde fram som før. Stortinget skal handsame regionreforma seinare i vår.

I morgon er det fylkespolitikarane i Hordaland som skal ta stilling til samanslåinga. To positive vedtak kan bety at dei to fylka opphøyrer frå 2020.

Til toppen