STOR JOBB: To hjullastarar med fres jobbar i tandem for å få rydda snøen på Sognefjellet. I dag vart vegen opna. Video: Ole Gudmund Bjørk.

Sjå dronebilete frå snøryddinga på Sognefjellet

Opna klokka 12.00 i dag.

Luster: I dag vart Sognefjellet opna for trafikk etter å ha vore stengt for vinteren. Arbeidet starta rundt den 9. april.

Ni dagar seinare var vegen rydda, med unnatak av passeringslommer og anna småplukk.

– Snøen har vore relativt lett å fresa i år. Men det har vore litt styggevêr i det siste, som gjorde at me valde å setta datoen i dag, seier Johann Njåstad i Statens vegvesen.

Han fortel at dei har hatt 2-3 maskiner i sving på vestsida av fjellet. Hjullastarar med fresar har blitt brukte til grovjobben, medan den siste såla med is over asfalten blir fjerna med ein høvel. Sidan har brøytebilen gått regelmessig for å hindra at snøen bles ihop att. 

Ole Gudmund Bjørk frå Luster var på jobb for Hydro då han kom forbi midt i fresinga ved Øvre Hervavatnet tidlegare i april. Heldigvis hadde han med seg drona, og fekk fanga spektakulære bilete frå lufta.

– Det var så fint vêr og vindstille at eg tenkte eg berre måtte filma. Det blei no sånn nokonlunde, seier han om resultatet.

I videoen over kan du dømma sjølv.

Til toppen