Sogndal: – Me hadde eigentleg ikkje meldt oss på, men så var det eit sogndalslag som trekte seg og me fekk førespurnad om å stille, seier Even Øren, ein av lagleiarane.
Han forklarer at årdalslaga i den aldersgruppa har tradisjon for å reise på Fåbergturneringa, difor er dei eit sjeldant syn i Sogndal på denne tida av året.
Sportsleg gjekk det ikkje heilt som forventa. Fredag vart det tap 2-3 og 1-6, noko som betydde at dei allereie var ute av A-sluttspelet.
– Me er nok litt i feriemodus. Me har trappa ned litt på treningane etter skulen slutta og mange kunne ikkje stille på grunn av ferie. Utan at det er noko unnskylding, seier Øren, og legg til at motstandarane er eitt år eldre.
Oppdatering: Med siger i siste gruppespelskamp laurdag greidde Jotun å ta seg til B-sluttspelet. Der har det blitt to sigrar, dermed er dei klare for å spele kvartfinale søndag.
Utanfor bana har dei derimot fått full uttelling. Etter dei to tapa har dei bada og grilla på Kaupanger der dei òg er innlosjerte, dei har vore i aktivitetsparken i Sogndal og har planar om diskotekbesøk seinare på kvelden.
– I dag har det vore full pakke. Ungane ser no ut til å stortrivst, seier Øren.