Lærdal: Det var i nitida onsdag morgon ein bilførar køyrde på eit rådyr ved Tuftåstunnelen i Lærdal. Føraren kontakta politiet og Ettersøksringen vart kalla ut. Rådyret var berre så vidt i livet då mannskapet kom fram - dei fekk avliva bukken som låg i grøfta.
Ettersøksringen opplyser at den einaste kjende rådyrstamma i Lærdal er her i øvste delen av Borgund. Dei understrekar vidare at episoden syner at ein må vera obs på hjortevilt også øvst i dalen, ikkje berre på plassane det oftast er påkøyrsler - som på Eri og Tønjum.