BERRE NESTEN: Kenneth Skjerven gav Fjøra leiinga sju minutt før slutt. Florø utlikna i siste speleminutt, og sikra sigeren då dommaren var klar for å blesa av ekstraomgangane.
BERRE NESTEN: Kenneth Skjerven gav Fjøra leiinga sju minutt før slutt. Florø utlikna i siste speleminutt, og sikra sigeren då dommaren var klar for å blesa av ekstraomgangane. (Foto: Halvor Farsund Storvik )

Fjøra nær cupskrell – tapte i siste minutt av ekstraomgangane

Dei kjempa til krampa tok dei, men Florø sikra avansementet mot Fjøra med ei skåringl i siste speleminutt.

Fjøra-Florø: 2-3 (2-2 etter ordinær tid)

Fjøra hadde sigeren i lomma, men eit mål på tampen av full tid sikra Florø ekstraomgangar. Der sikra bortelaget sigeren i siste minutt.

Bortelaget Florø dominerte fullstendig dei første tjue minutta av kampen. To gongar måtte keeper Håvard Mjelleli ut i full strekk, og ein gong måtte han få hjelp av treverket. Etter kvart jamna kampen seg ut. Det siste kvarteret var Fjøra best, utan å skapa all verda. Den eine sjansen dei fekk var derimot stor.

Kampfakta

Fjøra-Florø: 2-3

Arena: Fosshaugane Campus
Dommar: Svein Tore Sinnes

Mål, Fjøra: Morten Knudsen (56), Kenneth Skjerven (83)
Mål, Florø: Christer Husa (67), Lorent Callaku (89), Halvor Solheim-Olsen (120)

Gule kort, Fjøra: Steffen Olsen, Karsten Bjelde, Svenn Ove Gjøringbø
Raude kort, Fjøra:

Lagoppstilling, Fjøra:
12. Håvard Follevåg Mjelleli
8. Karsten Ellema Bjelde
10. Mathias Flo
21. Eirik Kristoffersen
22. Joar Robøle Hoberg
5. Morten Knutsen
7. Kenneth Blomseth Skjerven (Salveson 90.)
18. Steffen Olsen (k) (Thue 90.)
9. Malvin Gjerde (Gjøringbø 72.)
16. Andreas Lereim Olsen
19. Espen Schøn Outzen

Benk:

1. Bjarte Hovland
4. Brage Asperanden Navarsete (debutant)
6. Håvard Stedje
11. Svenn Ove Gjøringbø
14. Johan Elverum Salveson
17. Sondre Loftesnes (debutant)
23. Sindre Thue

Malvin Gjerde fekk skyta uforstyrra og frå tjue meter sende han ballen med ein dupp i tverrliggaren.

Fjøra leia to gongar

Andre omgang starta som den første, med solid dominans frå bortelaget. Etter få minutt måtte Mjelleli igjen ut i full strekk. Returen hamna hos ein Fjøra-forsvarar, som klarerte lettare panisk rett i fanget til sin eigen keeper.

Ti minutt ut i omgangen kom Fjøra og Espen Schøn Outzen på eit herleg raid langs høgrekanten. Han finta inn i bana og prikka ein perfekt pasning til Morten Knutsen på løp inn i boksen. Frå fem meter styrte han enkelt fjørene i leiinga med pannebrasken.

Skåringa var ei skikkeleg vitamininnsprøyting for heimelaget, for Fjøra heldt fram å produsera sjansar. Berre minuttar seinare var Schøn Outzen på eit nytt raid. Denne gongen fann han Malvin Gjerde på første stolpe, men skotet strauk utanfor målet.

Sprang til krampa tok dei

Tjue minutt ut i omgangen kom fjørene ned på jorda igjen. Florø rulla opp eit vakkert angrep som Christer Husa fekk æra av å skli inn.

I det 32. minutt var Andreas Lereim Olsen på raid. Ballen enda til slutt hos Schøn Outzen, men han rakk ikkje å skyta før forsvaret var der for å blokka.

Fjøra gav seg ikkje med det. Sju minutt før slutt fekk Kenneth Skjerven tåa på eit langt innlegg. Ballen såg ut til å gå utanfor, men fekk ein herleg skru og sneik seg inn via stolperota.

RYSTA FLORØ: Fjøra var berre minuttet frå avansement i cupen mot Florø. Foto: Halvor Farsund Storvik

To minutt seinare var det tydeleg at heimelaget hadde gitt alt i jakta på avansement, då to av spelarane vart liggande nede med krampe. Tidlegare i kampen måtte midtstoppar Mathias Flo ha tøygehjelp for å kunna fortsetta.

Sigeren glapp to gongar

Dramaet var ikkje over. Minuttet før slutt peika dommaren på straffemerket etter å sett ei halding inne i feltet. Lorent Callaku gjorde ingen feil og sikra ekstraomgangar for Florø på tampen.

I første ekstraomgang hadde Florø eit lite overtak, utan at dei greidde å produsera det heilt store. Faktisk var Fjøra friskast dei få gongane dei hadde krefter til å angripa. Den same tendensen heldt fram i andre. Dei få gongane Florø var farlege var på hjørnespark.

Til slutt fekk bortelaget likevel mobilisert ein sluttspurt. Ein lang ball inn i feltet hamna hos Halvor Solheim-Olsen, som banka inn sigersmålet frå kort hald, i det siste minuttet av omgangen.

Dermed rakna cupdraumen for Fjøra med minst mogleg margin.

 
Til toppen