Lærdalsturneringa (Bilde:  Ole Ramshus Sælthun)
(Bilde:  Ole Ramshus Sælthun)
(Bilde:  Ole Ramshus Sælthun)
(Bilde:  Ole Ramshus Sælthun)
(Bilde:  Ole Ramshus Sælthun)
(Bilde:  Ole Ramshus Sælthun)
(Bilde:  Ole Ramshus Sælthun)
(Bilde:  Ole Ramshus Sælthun)
(Bilde:  Ole Ramshus Sælthun)

Sjå fotogalleri frå Lærdalsturneringa

33 lag var i sving på Lærdal stadion denne helga.

Lærdal: – Det er vel fort hundre personar i sving og mange hundre dugnadstimar tilbakelagde frå planlegginga til siste søppelpose er kasta. Men turneringa har gått veldig bra, tykkjer eg, seier Daniel Molde, turneringsansvarleg.

Laurdag og søndag har det vore stor aktivitet på fotballbanene i Lærdal; 33 lag frå klassane 9 år opp til klassane 13/14 år, både jenter og gutar, har utkjempa durabelege oppgjer.

– Det var litt usikkrheit rundt nokre av laga, og ikkje alle kom. Men me fekk avvikla det fint, hadde bra sal og det såg ut til at folk koste seg, seier Molde.

Håpar på fleire lag neste år

33 lag er litt mindre enn det var for nokre år sidan.

– Dei siste par åra har me ligge rundt der. Så me håpar å få fleire lag neste år og får heller mobilisera litt for å få til det, seier Molde.

Fleire av laga er langvegsreisande og ni av dei overnatta også på skule i helga. For øvrig er det hovudsakleg lag frå Lærdal og kringliggjande kommunar.

– Så er det diskotek i Storstova laurdag kveld, fortel Molde.

Å ha det kjekt står sjølvsagt i fokus, men i den eldste årsklassa, 13/14 år, spelar laga med tabell.

For jenter 13/14 sitt vedkomande vann Lærdal framfor Fana på 2. plass og Hemsedal på 3. plass. I klassa gutar 13/14 vann også Lærdal med Valestrand/Hjellvik på 2. plass. 

– Så var det deltakarpremie for alle, fortel Molde.

Til toppen