Sjå glimt frå 17. mai-feiring i Lærdal 

På Borgund opna 14 år gamle Jens-Henrik Hegg feiringa både med tale og felespel. 

Lærdal: Det var feststemning på både Lærdalsøyri og Borgund under feiringa av nasjonaldagen. 

Les også: Ung 17.mai talar imponerte i Lærdal

Øvst i saka kan du sjå biletgalleri frå 17. mai-feiringa. 

To unge haldt tale

TALE: Jens-Henrik Hegg haldt tale og spelte på fele under 17. mai-feiringa på Borgund.
TALE: Jens-Henrik Hegg haldt tale og spelte på fele under 17. mai-feiringa på Borgund.

I kvammegården blei det song og talar. Hovudtalarane for årets nasjonalfeiring var 13 år gamle Inger Johanne Kaardal. Denne oppgåva utførte ho med glans. 

På Borgund var det 14-åringen Jens-Henrik Hegg som fekk æra av å halde årets 17. mai tale. 

Sjå fleire bilete som folk har sendt inn på #MittPorten

Han opna med ein reinlendar på fela si, haldt ein flott 17-mai tale der tema var  Norske Nasjonalsymbolar og samanlikna vidare åra 1814 og 2016.

Til slutt avslutta med Hegg med Trollvasselva på fela.

Tradisjonsrik feiring

Dagen på Borgund starta med 17. mai-tog, og forstsette med tradisjonell feiring med loddsal og leikar. Både vaksne og ungar kosa seg i godt  utevær.

– Ungane fekk gratis is, noko som var eit lite høgdepunkt for mange, skriv 17. mai-komiteen på Borgund i ei melding. 

Ei dugnadsgruppe stod for kiosksal, med  framifrå heimabakst, kaff, pølser og brus. 

– Dette fall i smak hjå alle, ifølgje komiteen. 

Det vart og lagt ned krans på soldatgrava ved Borgund kyrkje. Dette for å minnast og vise respekt for dei som fall i trefningar mellom norske og tyske soldatar under den andre verdenskrig ved Borlaug på Borgund.

 

 

 

Til toppen