SNØ: På Filefjell har snøen lagt seg i vegbana. Foto: Statens vegvesen/Webkamera.
SNØ: På Filefjell har snøen lagt seg i vegbana. Foto: Statens vegvesen/Webkamera.

Sjå, her er det kvitt

Sjekk korleis det ser ut på fjellovergangane søndag kveld.

Filefjell: Skal du over fjellet, må du ha vinterdekka på. Søndag kveld ligg det nemleg kvitt på E16 over Filefjell, slik webkameraet til Statens vegvesen viser.

Også på dei andre fjellovergangane i Sogn ser det slik ut no. Både på fylkesveg 53 Tyin-Årdal og riksveg 52 Hemsedalsfjellet ser ein tydeleg at snøen har lagt seg utanfor vegbana.

Det betyr at dersom du har tenkt å ferdast til fjells i bil, bør du ha vinterdekka på. Under kan du sjå korleis det ser ut på fjellovergangane søndag kveld.

E16 Filefjell

Riksveg 52 Hemsedalsfjellet

Fylkesveg 53 Tyin-Årdal

Til toppen