TIDVIS FRISK: Gilbert Koomson var ein av få sogndalsspelarar som greidde å skape noko framover mot ballsikre Odd. Sjå høgdepunkta her:
TIDVIS FRISK: Gilbert Koomson var ein av få sogndalsspelarar som greidde å skape noko framover mot ballsikre Odd. Sjå høgdepunkta her: (Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv)

Sjå høgdepunkta: – Taktisk perfekt kamp

Eitt poeng mot ein av medaljekandidatane var lyspunktet for Sogndal, i ein kamp der ingen av laga imponerte.

Sogndal-Odd: 0-0

Sjelden har det skjedd mindre i eit eliteserieoppgjer under Eirik Bakke. Trenaren er likevel nøgd med måten heimelaget greidde å temme medaljekandidaten Odd søndag kveld.

– Ein taktisk perfekt kamp, er dommen etter kampen. 

– Eg er aldri fornøgd så lenge me ikkje vinn, men måten guttane gjennomfører kampen på er fantastisk. Dei sluttar ikkje å imponera meg, seier Bakke.

Les også: Bakke: – Har tilbydd Hovland kontrakt

BERRE NESTEN: Martin Ramsland fekk sjansen til å avgjere rett før slutt, men missa då han berre hadde å styre inn årets sjette for sesongen.
BERRE NESTEN: Martin Ramsland fekk sjansen til å avgjere rett før slutt, men missa då han berre hadde å styre inn årets sjette for sesongen.

Ramsland med sjelden bom

Første omgang vart ei søvndyssande førestilling. Bortelaget Odd verka mest interessert i å trille ball, medan Sogndal låg djupt og jakta kontringar.

Andreomgang starta på same vis. Eit slapt skot frå Jone Samuelsen etter 58 minutt var så langt det næraste dei to laga hadde kome ei skåring. Same mann fekk sjansen to minutt seinare, men heldigvis for Sogndal rakk Chidi Nwakali akkurat å blokke.

Kvarteret før slutt vart Martin Ramsland spelt fri etter fantastisk forarbeid av Gilbert Koomson. Lyslyggen vende fint vekk oppassaren, men avslutninga gjekk rett på oddkeeper Sondre Rossbach.

Sørlendingen har vore dødeleg effektiv denne sesongen, men akkurat der burde han greidd betre.

Poengdeling einaste lyspunktet

Sogndal hadde no festa eit lite grep om kampen. Gilbert Koomson kom meir til sin rett og kombinasjonane med innbytar Eirik Skaasheim byrja å sitte. I det 79. minutt holdt det på å føre til ein stor sjanse, men sistepasningen vart for upresis då Skaasheim kom stormande på løp i boksen.

– Me fekk nokre sjansar på slutten, som gjorde at me fort kunne ha vunne. Denne gongen gjekk det ikkje, seier Bakke.

Resten av kampen skjedde det fint lite. Dermed enda det med poengdeling i det minst hendingsrike oppgjeret på Fosshaugane på lang tid.

Til toppen