Høyanger: – Dette vert ein annleis 17. mai, men me ønskjer at det skal bli ei minnerik felles digitalmarkering for heile kommunen, sa kommunalsjef for kultur og folkehelse i Høyanger, Anita Nordheim til Porten.no tidligare denne veka.
Digital feiring for alle
Høyanger kommune starta planlegginga av markeringa førre månad og har filma sidan begynnelsen av mai. Nordheim trur det kan vere underholdande for mange å sjå korleis nabobygdene plar å markere dagen.
– Om ein sit aleine på ein hybel og ser sendinga på PC eller TV, eller om ein sit samla med familien, trur eg dette skal vere ei god oppleving. Det håpar eg på, seier Nordheim til.
Sjå Høyanger kommune si digitale 17. mai feiring her.