Samtalane om ein storkommune i Sogn braut saman tidlegare denne veka. Det betyr at Årdal og Lærdal igjen er overlatt til seg sjølve på sørsida av fjorden.
Begge kommunane har vedtak på at dei skal snakka med Aurland. Sistnemnde har førebels ikkje behandla saka i kommunestyret, men torsdag står denne på sakslista.
Det er ingen løyndom at aurlendingane også ser mot Voss og Vik, så kva som blir vedteke i dag, vil ha mykje å seie for vidare gang i kommunereforma for Årdal og Lærdal.
Etter det Porten.no kjenner til har ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid, alt sendt ut invitasjon til samtale mellom dei tre kommunane.
Møtet skal etter planen starte 17.00.