Sjå kommunestyremøtet i Sogndal her
(Foto: Halvor Farsund Storvik)

Sjå kommunestyremøtet i Sogndal her

Torsdag kan du følgje kommunestyremøtet i Sogndal direkte på Porten.no.

Sogndal: Frå klokka 13.00 sender Porten.no i samarbeid med Hallo Sogn direkte frå kommunestyremøtet i Sogndal. 

Dette er første gongen Porten.no sender frå eit politisk møte i Sogndal etter å ha hatt bra suksess med det same i både Årdal og Lærdal.

– Me har sagt at me vil satse på eit større nedslagsfelt, og då er Sogndal ein viktig del av det. Endå viktigare er det at innbyggjarane i Indre Sogn får eit godt innsyn i korleis politikarar forvaltar tilliten deira. Det trur me dette vil bidra til, seier ansvarleg redaktør Truls Grane Sylvarnes.

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap), er positiv til direktesending. 

– Eg trur det er første gongen i mi tid som politikar det vert sendt direkte, og eg har vore med i 17 år. Det blir spennande å sjå korleis ein tek dette vidare, først og fremst for lyttarane og sjåarane. Viss dette er med på å gjera politikken meir interessant og skapa større engasjement, er det spennande, seier han.

Porten.no tek gjerne imot tilbakemeldingar undervegs eller etter møtet på kva som kan bli betre til neste gong. 

Heile sakslista finn du her.

Til toppen