HISTORISK LØFT: Her blir hovudspennet på den nye Loftesnesbrui løfta på plass av Norges største kranbåt. Foto: Øyvind Nondal
HISTORISK LØFT: Her blir hovudspennet på den nye Loftesnesbrui løfta på plass av Norges største kranbåt. Foto: Øyvind Nondal

Sjå kor flott ho vert! I dag vart siste puslebiten heisa på plass​

Sogndølene kan endeleg nyte synet av si nye og flotte bru. Men enno vil det gå minst ti månader før trafikken får sleppe over.

Sogndal: Sjølv om brua reint visuelt ser nesten ferdig ut, er det eit omfattande arbeid som står att før ho etter planen skal opnast for trafikk 1. desember i år. Heilt ferdig vil ikkje byggjeprosjektet vere før våren 2018.

Det er store dimensjonar det er snakk om: den nye brua vil bestå av 1250 tonn stål og seks tusen kubikk med betong.

– Det tilsvarer omlag tusen betongbilar, seier Gunnar Solbakken i Statens vegvesen.

Les også: Siste innspurt for monteringa av Loftensnesbrui

Det mest slåande med brua er likevel utsjånaden. Den flotte konstruksjonen kjem til å få ei gjennomtenkt lyssetting, komponert av same mannen som hadde ansvaret for dei fargerike lyslommene i Lærdalstunnelen.

Ingeniørane har òg valt ei heilt spesiell løysing for å lyse opp sjølve vegbana. Tanken her var at dominerande lyktestolpar ikkje skulle få øydeleggje synsinntrykket av brua.

– Me kjem til å integrera lyset i rekkverket. Når du køyrer over brua vil vegen vera opplyst, men du vil nesten ikkje sjå sjølve lyskjelda, forklarer Solbakken.

No startar støypinga av eit halvmeter tjukt betongdekke som skal utgjere vegbana, eit omfattande arbeid som vil føregå heilt fram til hausten. Deretter startar førebuinga til asfalteringa. Òg på land er det ein stor jobb som skal gjerast, mellom anna vil det kome ei diger rundkøyring på sogndalssida.

Fiks ferdig er brua rekna å koste 400 millionar kroner.

Til toppen