SISTE OPPOVERBAKKE: Den fem kilometer lange løypa endar opp i ein lang, slak oppoverbakke. Før oppløpet er Gard Reppen Vigdal (Jotun IL) i leiinga. Olaus Orheim Mundal (Sogndal IL) fylgjer hakk i hæl. (Foto:  Snorre Sandemose)
IMG_1310 (Foto: Snorre Sandemose)
IMG_1312 (Foto: Snorre Sandemose)
IMG_1313 (Foto: Snorre Sandemose)
IMG_1314 (Foto: Snorre Sandemose)
IMG_1315 (Foto: Snorre Sandemose)
IMG_1316 (Foto: Snorre Sandemose)
IMG_1317 (Foto: Snorre Sandemose)
IMG_1318 (Foto: Snorre Sandemose)
IMG_1320 (Foto: Snorre Sandemose)
IMG_1323 (Foto: Snorre Sandemose)
KJEM SO SMÅTT TIL HEKTENE: No har Gard byrja å koma til hektene att, og han kan byrja å drikka toddy. (Foto: Snorre Sandemose)
TO JOTUN-KARAR: Det gjeld å eta litt før premieutdelinga. Til venstre, Gard Reppen Vigdal, til høgre Jotun-kamerat August Da Silva Sveen. August er yngre enn Gard, so dei tevla ikkje imot einannan (Foto: Snorre Sandemose)
EIN NORDFJORDING, EIN SUNNFJORDING, TO JOTNAR OG EIN SOGNDØL: Frå venstre: André Aske Granheim, Fjellhug/Vereide IL, Steffen Sjøvold-Igelkjøn, Førde IL, Gard Reppen Vigdal, IL Jotun, August Da Silva Sveen, IL Jotun og Olaus Orheim Mundal, Sogndal IL. Sogndølen Olaus Mundal var argaste rivalen i sesongavslutninga, og gav Gard Vigdal beinhard kamp i sluttspurten. (Foto: Snorre Sandemose)
DEI FYRSTE TO PÅ PODIET: Her er det sølvmedaljevinnaren Olaus Orheim Mundal som får premie frå ein av arrangørane, Kristin Jevnaker Seim. (Foto:  Snorre Sandemose)

Sjå korleis det gjekk då sogndøl gav Jotun-håpet beinhard kamp i spurtdrama fram imot mållina på Seimsåsen

Det var finalerenn i fylkescupen for Sogn og Fjordane. Gard Reppen Vigdal vann samanlagt, men skulle han spurtslå den argaste rivalen sin på heimebane?

Årdal: – Eg var sliten i dag. Det var veldig tøft, seier Gard Reppen Vigdal (14) frå IL Jotun.

14-åringen vann samandraget og vart dermed kretsmeisteren i Sogn og Fjordane-cupen denne sesongen. 

– Dei hadde lagt inn ei ekstra sløyfe, slik at det vart ekstra tungt, seier August Da Silva Sveen. 

Han går òg for Jotun, men tevlar i ein lågare aldersklasse enn Gard. 

TO JOTUN-KARAR: Det gjeld å eta litt før premieutdelinga. Til venstre, Gard Reppen Vigdal, til høgre Jotun-kamerat August Da Silva Sveen. August er yngre enn Gard, so dei tevla ikkje imot einannan Foto: Snorre Sandemose

Før laurdagens renn, det sjuande og siste for sesongen, hadde Gard vunne tre av renna i 15-årsklassen denne sesongen. Han hadde ei klar leiing i samandraget.

Det var knytt spaning til om han skulle vinna også på heimebane. Til dagleg trenar han i Fardalen, men løypa på Seimsåsen passa han bra, ikkje minst ettersom det var lov å skøyta i dette rennet. Han trivst nemleg best med å gå fri teknikk.  

EIN NORDFJORDING, EIN SUNNFJORDING, TO JOTNAR OG EIN SOGNDØL: Frå venstre: André Aske Granheim, Fjellhug/Vereide IL, Steffen Sjøvold-Igelkjøn, Førde IL, Gard Reppen Vigdal, IL Jotun, August Da Silva Sveen, IL Jotun og Olaus Orheim Mundal, Sogndal IL. Sogndølen Olaus Mundal var argaste rivalen i sesongavslutninga, og gav Gard Vigdal beinhard kamp i sluttspurten. Foto: Snorre Sandemose

Dei var fire på startstreken. Gard starta eit halvt minutt etter ein av dei argaste rivalane, Olaus Orheim Mundal frå Sogndal IL, som tok andreplassen i dag. Dei siste to lauparane, ein nordfjording og ein sunnfjording, måtte ta til takke med dei neste to plassane.

Gard tok att Olaus, men klarte ikkje å gå ifrå han. Olaus heldt tritt heile vegen mot mål, og sjølv om Gard ifylgje klokka var eit halvt minutt framom, vart det no ein veldig prestisjetung spurtduell mellom dei to.

– Han blokkerte meg på oppløpet, eg ville forbi, seier Olaus med eit smil i Aosahytta, før dei skal opp og få premiane.

DEI FYRSTE TO PÅ PODIET: Her er det sølvmedaljevinnaren Olaus Orheim Mundal som får premie frå ein av arrangørane, Kristin Jevnaker Seim. Bilde: Snorre Sandemose 

Langrenn den aller kjekkaste idrettsgreina

Både August Da Silva Sveen og Gard Reppen Vigdal synest ski er den aller kjekkaste idretten å driva med.

– Eg ser fram til at skisesongen skal byrja når det nærmar seg desember, seier Gard.

FØR PREMIETUDELING: Alle skilauparane åt nista si i Aosahytta før premieutdelinga tok til Foto:  Snorre Sandemose

– Me gledar oss alltid til sesongen skal byrja, stemmer August i.

– Er det litt vemodig no når sesongen er slutt? 

– Nei, for sesongen er lang, frå desember til slutten av mars, seier Gard. 

Han seier det er eit strev òg å halda seg i toppform gjennom ein slik lang skisesong. 

– Eg var i betre form i januar enn eg er no, seier kretsmeisteren. 

Men likevel vann han laurdag på Seimsåsen, både rennet og spurten mot rivalen frå Sogndal.

Til toppen