ØLCRUISE: Ølcruise under Fjellfilmfestivalen.
ØLCRUISE: Ølcruise under Fjellfilmfestivalen. (Foto: Synne Asheim Haga )

Sjå korleis det var på ølcruise under Fjellfilmfestivalen

Fjellfilmfestivalen blei i helga arrangert av Fri Flyt og DNT. Sjå bildegalleri nederst i saka.

Jotunheimen: Etter ni år på Turtagrø blei Fjellfilmfestivalen i år arrangert på Gjendesheim i Jotunheimen. Der bydde dei blant anna på ølcruise.

– Dette var kjempebra, seier Mari Moland og Anne Grethe Raanaa, deltakarar på Filmfestivalen. 

Ølcruise på Gjende 

Jentene prøvde ut ølcruiset på Gjende etter fjelltur i Jotunheimen laurdag. 

ØLCRUISE: Ølcruise under Fjellfilmfestivalen. Foto:  Synne Asheim Haga

– Det er så mange kule aktivitetar å velga mellom her, men me trengde noko hyggeleg å sjå fram til etter fjellturen, så då blei det ølcruise, seier Moland. 

Der fekk dei smake på lokal mat, og drikke øl. 

– Det er òg ein god moglegheit til å møta folk, seier jentene som er på Filmfestivalen for fyrste gong. 

Små Vesen på ølcruise 

Kristian Belsheim er dagleg leiar i bryggeriet Små Vesen. Han er hyra inn for å halda ølcruiset. 

– Me har køyrt 140 personar på ølcruise i dag. Me merkar at dette er ein perfekt arena, og me sel godt her oppe i fjellheimen. Betre enn me gjer på ein bar i Oslo, og Trondheim, seier han.

Øla dei brygger er frå Valdres, men Belsheim set pris på å få fronta produkta sine i Jotunheimen. 

ØLCRUISE: Ølcruise under Fjellfilmfestivalen. Foto:  Synne Asheim Haga

– Det er ein god marknad her for oss, og så er det god reklame. 

– Kva er Små Vesen? 

– Dette vesenet er dei underjordiske som hjelper oss å brygga godt øl. I følge gammal, norsk folketru var det dei som brygga ølet og gjorde det godt. Så lenge me held oss på godsida med desse vesena så blir ølet vårt godt, fortel Belsheim. 

Vil tilbake til neste år 

Filmfestivalen har vore velukka, til tross for at det ikkje føregjekk på Turtagrø i år. 

– Det har vore så fint, sjølv om det regna. Det er kjempefin natur her, god stemning, og eit godt fellesskap, seier Moland. 

Raanaa er einig. 

– Det er mange hyggelege folk her, og me skal heilt klart delta på filmfestivalen neste år òg, seier ho, utstyrt med ei singel-lue på hovudet.

– Ja, det var nokre venninner som sa eg måtte kjøpa denne, og sidan eg er sporty så tok eg den på meg.

Til toppen