Indre og Ytre Sogn: Meteorologisk institutt varslar at det natt til tyrsdag vil vera ekstremt høg vasstand i frå Åna Sira til Stad. Det betyr raudt flaumvarsel. Nivået er estimert til å bli 80-100 cm over høgda oppgjeve i tidevasstabellane. Dette vil også påverka Fjordane og Indre Sogn.
Sjå fleire bilete frå stormfloa nedst i saka.
Årsaka til den høge vasstanden er eit kraftig lågtrykk i Nord-Atlanteren som pressar mykje vatn inn i Nordsjøen og Norskehavet.

Meteorologsik institutt seier at konsekvensen kan bli overfløyming mange stader og fare for større øydeleggingar på infrastruktur og bygningar i strandsona.
Vasstanden er venta å stå godt over nivået for «Didrik» i midten av januar.