DØDELEG: Kristian Fardal Opseth trengte berre åtte minutt på å skåre tre gongar i Bodø/Glimt si nedsabling av Arendal. No har laget stø kurs mot Eliteserien, der kaupingen enno føler han har noko å bevise.

VIDEO

Sjå Kristian Fardal Opseth skåre tre mål på åtte minutt!

Den tidlegare sogndalspissen herja mot Arendal i helga og tok over trona som den definitive målkongen i norsk fotball.

Bodø/Glimt-Arendal: 5-0

Med dei tre skåringane i går har kaupingen passert målsnittet til Endre Kupen i Florø og kan no kalle seg den mest effektive spelaren i norsk toppfotball. Då er det naturleg å spørre kor kjekt det er å vere Kristian Fardal Opseth om dagen:

– Det er alltid fint å vera han, seier Fardal Opseth, som med småhumring gjennom heile intervjuet likevel avslører at det kanskje er ein ekstra fin dagen derpå.

Tok over trona som målkonge i norsk fotball

Hat-tricket er, ifølgje han sjølv, berre hans andre på dei to øvste nivåa i norsk fotball. Dset første kom i 4-0 sigeren mot Brann i 2015. Då kom det derimot både ei skåring og ein pause i mellom, så dette er det første «ekte» hat-tricket.

– Det skulle vore fleire, sei.

Den audmjuke tonen held fram når han skal forklare den vanvittige skåringsformen. Då vel han heller å rose gode lagspelarar og flaks enn å hausse opp eigen prestasjon.

– Me er eit lag som skårar ekstremt mykje og toppar tabellen klart, så det heng saman med det. Eg kunne absolutt skåra fleire, men skal vel seia meg nøgd, seier Fardal Opseth.

Femten mål på atten kampar gir eit målsnitt på 0,83 per kamp. Med det har han passert florøspiss Endre Kupen, som «berre» har eit målsnitt på 0,82, eit faktum Fardal Opseth sjølv ikkje hadde fått med seg.

– Steike, då skårar eg mykje mål, for han herjar jo om dagen.

Føler han har noko å bevise

Til samanlikning har toppskårar i Eliteserien, Ohi Omoijuanfo, skåra tolv mål på atten kampar.

I 2015 var Fardal Opseth på andreplass på toppskårarlista i 1. divisjon og ei viktig brikke i opprykket til Sogndal. Den påfølgande sesongen vart ein gedigen nedtur, med berre to mål og benkesliting i Eliteserien, då trenar Eirik Bakke heller satsa på den løpssterke duoen Ramsland og Sveen.

Med Bodø/Glimt på stø kurs mot opprykk er Fardal Opseth fast bestemt på å bevise at han kan vere ein målsnik òg på det øvste nivået i norsk fotball.

– Det er no det som er målet. Eg føler eg ikkje har fått bevist noko som helst i Eliteserien, så det er noko som triggar meg. Me får halda fram slik som me spelar no, så kan dette bli bra til slutt, seier superspissen. 

Tre mål på åtte minutt er definitivt kjapt, men eit stykke frå rekorden. I norsk fotball er den på to minutt og tretti sekund, som var tida LSK-spelar Erik Karlsen trengte for å skåre tre mål mot Mjøndalen i 1977. (Kjelde: Wikipedia).

Til toppen