TEST: Hans Hagheim måtte testa preikestolen når den no er komen tilbake etter å ha ligge i nesten to år på eit lager på Øyri. Soknerådsleiar Audun Mo (t.v.) og Inge Raa i framkant. Foto: Ole Ramshus Sælthun 
TEST: Hans Hagheim måtte testa preikestolen når den no er komen tilbake etter å ha ligge i nesten to år på eit lager på Øyri. Soknerådsleiar Audun Mo (t.v.) og Inge Raa i framkant. Foto: Ole Ramshus Sælthun 

Sjå kva som er tilbake etter to år i eksil

Preikestolen er tilbake i Tønjum kyrkje. «Firarbanden» har fått ro i sjela til jul. Nesten heilt.

Lærdal: – I etterpåklokskapens lys - og etterpåklokskapen er jo den beste kunnskapen - kunne me ha gjort det annleis med betre info i framkant. Me har kome godt ut av det og - me har sett eit stort engasjement rundt kyrkja. Men no håpar me at me er ferdige med saka og at me får ei fredeleg jul, seier soknerådsleiar Audun Mo. 

Det nærmar seg to år sidan preikestolen vart fjerna frå Tønjum kyrkje. Bakgrunnen for at den blei fjerna, var å gje større plass ved ulike arrangement, til dømes ved konsertar. Lærdal sokneråd hadde fått løyve til å fjerna stolen frå biskopen og riksantikvaren, prosten var også informert.

Men det vart sett krav frå biskop og riksantikvar om at det måtte vera eit lokalt ønskje om å fjerna preikestolen.  

Les også: Gir seg ikkje før preikestolen er attende

Les også: Går frå dør til dør for å sanke underskrifter for preikestolen

– Stort fleirtal

– Framgangsmåten - det var den folk reagerte mest på. Soknerådet har fått ein lærepenge og hausta erfaring. Ikkje berre soknerådet - kommunen også. Det burde ha vore halde eit soknemøte før dei fjerna den, seier Hans O. Tønjum.

For då han sjølv, Hans Hagheim, Halvard Eri og Inge Raa oppdaga at preikestolen var fjerna i det stille, var det ikkje stilt lenge. Dei fire reagerte kraftig og tok til motmæle - mellom anna skipa dei til underskriftskampanje og fekk 375 underskrifter mot fjerninga.

Soknerådet arrangerte også ope møte i kyrkja i starten av april i fjor og fekk klar beskjed om å setja preikestolen på plass att. Men i det påfølgjande soknerådsmøte bestemte rådet å ikkje ta den innatt likevel.

Les også: Preikestolen kjem ikkje inn att

Så stilna saka før det no i november vart halde soknemøte. Då vart det røysting i den store preikestolsaka - 89 stemte for å ha den inn att, 22 røysta for å ikkje ta den inn, tre røysta blankt. 

Les også: Her får dei vite om preikestolen skal inn att

– Det var eit stort fleirtal, 78 prosent ville ha den her, konstaterer Tønjum.

Og denne veka var det nesten to år lange eksilet for preikestolen over - etter å ha ligge innpakka i plast på eit lager på Øyri kom den oppatt der den stod frå 1832 til mars 2015. 

– Skulle ha vore laga revy på dette

– Me sleppte alt me hadde i hendene no når me høyrde preikestolen skulle på plass att - så me kunne koma og sjå den. Du ser kor godt den passar inn her også, seier Inge Raa og ser på preikestolen.

– Ja, den har jo stått der i nesten 200 år, så. Ein stor takk til folket som har bidrege, seier Tønjum.

– Det vart ein prosess med mykje hardt arbeid. Me har hatt mykje motvind dei siste to åra. Men me er noko eigne og gir oss ikkje då, veit du, seier Raa.

– Ja, men akkurat det er de, seier kyrkjetenar Jens Rikheim.

– Ja, men her har me stått på ei god sak, seier Tønjum.  

– Røystinga kunne jo ha vorte annleis - om resultatet hadde vorte omvendt, kva då? spør sokneråsleiar Mo.

– Då hadde me godteke det, seier Tønjum.

– Nei, det går ikkje an at det hadde vorte eit slikt resultat, humrar Inge Raa.

– Det blir vel meir folk i kyrkja no når preikestolen er attende? 

– Ja, det er ikkje tvil om det. No kjem det til å bli folk her, seier Raa.

SISTE KAPITTEL: Eventyret om preikestolen i Tønjum kyrkje har fått sitt siste kapittel - truleg. Hans O. Tønjum (t.h.) og Halvard Eri kunne saman med dei to andre i «firarbanden» konstatera at sonerådsleiar Mo hadde fått stolen attende i sitt rette element denne veka.
SISTE KAPITTEL: Eventyret om preikestolen i Tønjum kyrkje har fått sitt siste kapittel - truleg. Hans O. Tønjum (t.h.) og Halvard Eri kunne saman med dei to andre i «firarbanden» konstatera at sonerådsleiar Mo hadde fått stolen attende i sitt rette element denne veka.

Hans Hagheim nytta også høvet til å testa preikestolen, når den no var på plass att.

– Du får knytta neven no, seier kyrkjetenar Rikheim.

– Du kan knytta neven, du - som var med og bar den ut, svarar Hagheim.

– Jau, men eg var med og bar den innatt også, eg, seier Rikheim 

– Det skulle ha vore laga revy av dette, seier soknerådsleiar Mo.

– Det kjem til å bli det også - når Grøttebøane startar, svarar Tønjum.

– Akkurat som i eit eventyr

I alle fall er preikestolen attende, og har ikkje teke skade av dei knappe to åra i eksil. Ved første augekast.

– Den vart innsett i går, så har det vore litt småflikking i dag, mellom anna har me måla den litt. Karane har vore med og gått over og sett at det ikkje er noko skade på den.

– Å, eg trur ikkje eg skriv under på det. Blåfargen det er måla med er altfor lys, seier Hagheim og peikar på den smale lista som er påmåla nedst på stolen.

– Målinga mørknar ofte når den tørkar, seier Raa forsonande.

– Nei, det gjer den ikkje. Ikkje diskuter dette med meg no, svarar Hagheim. 

– Me får seia ingen kommentar til dette spørsmålet.  Elles skal du sjå dei ber han han ut att. Når dei høyrer dette, seier Tønjum.

Soknerådsleiar Mo håpar og trur likevel siste kapittel i historia om flyttinga av preikestolen frå og til Tønjum kyrkje er skrive.

– Ja, i denne saka trur eg dette er siste kapittel. Det skal bli godt med litt ro no. Me har denne firarbanden som passar på, men det er bra å ha slike firarbandar. Konklusjon er at det enda godt til slutt, akkurat som eit eventyr.

Til toppen