SAU ELLER HJORT? Denne hjortekalven trur tydelegvis at han er sau. Då flokken til Erling Offerdal kom tilbake frå sommarbeite, hadde kalven slått følgje. (Bilde: Privat)

Sjå kva som kom saman med sauene til Erling: – Sauene mine er tydelegvis omsorgsfulle

Men det er ikkje første gongen dette skjer, fortel sauebonden.

Ofredal: Då ein flokk av sauene kom heim frå beite, oppdaga Erling Offerdal at midt i flokken var det eit dyr som verken seier bæ eller hadde ull på kroppen. Midt i flokken gjekk i hjortekalv.

– Han har sikkert mista mora si tidleg i livet, og så har han slått følgje med sauene. Han finn seg mjølk under sauene òg. Det syner morskjærleiken som er mellom dyra, seier sauebonden busett i Ofredalen.

Men det er ikkje første gongen dette skjer. For fire–fem år sidan skjedde akkurat det same. Den gongen tenkte han «Dette skjer berre éin gong».

– No har det skjedd to gonger. Det må vera noko rart med sauene mine. Dei er tydelegvis veldig omsorgsfulle, ler han.

Fekk eigen fjøs

Sist dette skjedde gjekk det to år før søya og hjorten skilde lag. Situasjonen med den ubedne gjesten tok han på strak arm.

– Dei fekk sin eigen fjøs, der dei stod heile vinteren slik at hjorten kunne gå ut og inn som han ville. Han vart nærast sau sjølv. Etter kvart vart han stor, men då søya fekk lamb, så var han veldig forsiktig rundt dei.

Hunden lurte

Slår denne hjorten seg til ro også, så skal han få bli så lenge han ønskjer. 

– Han får gå fritt. Kjem det ein hjortefamilie forbi, kan det vera han slår følgje med dei. 

– Han vart ikkje redd då han såg deg?

– Nei, han passerte meg fint saman med resten av sauene. Eg kunne ha teke i han. Men hunden reagerte då det plutseleg stod ein hjort blant sauene, smiler han. 

Til toppen