LARVER I MATEN: I helga skulle Trine Marie Johansen frå Årdal ha frukostblanding til frukost. Ut av pakken kom det meir enn ho hadde venta. Foto: Privat.
LARVER I MATEN: I helga skulle Trine Marie Johansen frå Årdal ha frukostblanding til frukost. Ut av pakken kom det meir enn ho hadde venta. Foto: Privat.

Sjå kva Trine Marie fann i frukostblandinga si

I helga skulle Trine Marie Johansen frå Årdal ha frukostblanding til frukost. Ut av pakken kom det meir enn ho hadde venta.

Årdal: – Eg opna pakken og prøvde å tømme det ut i skåla, men det kom ingenting. Så eg stakk handa ned i posen for å hjelpa kornblandinga ut, så såg eg ned i posen, forklarar ho.

Der kravla det ein larve, og så ein til, og så endå ein. 

LARVER I MATEN: Trine Marie Johansen frå Årdal fekk seg eit lite sjokk då ho opna frukostblandinga frå AXA.
LARVER I MATEN: Trine Marie Johansen frå Årdal fekk seg eit lite sjokk då ho opna frukostblandinga frå AXA.

– Det var sinnsjukt med larver, og dei krabba jo så fort og var ute på kjøkkenbenken før eg visste ordet av det. 

Ei lettare sjokkert Johansen trudde knapt sine eigne augo. Pakka, som ho hadde kjøpt på ein daglegvarebutikk på Leira fredag, var full av levande larver som kravla rundt.

Tek slikt på alvor

Espen Eriksen i AXA, som sel kornblandinga, seier til Porten.no at dei tek slike ting på alvor.

– AXA sel fleire millionar posar med frukostprodukt i Noreg kvart år, og det skjer i nokre tilfelle at ein har infiseringar – konkret skjer dette i nokre få tilfelle, seier han. 

– Mel og havre er naturprodukt, og det kan føreligge ein liten risiko for ei infisering i slike produkt, då me ikkje brukar eller ønskjer å bruke sprøtemiddel i vår dyrking og produksjon. Generelt kan me seie at dei fleste skadeinsekt kan førekomme i alle tørre næringsmiddel og naturprodukt. 

Han tipsar om at varer som mel og korn ikkje burde lagrast i nærleiken av varmekjelder som komfyr, lysstoffrør og kjøleskap. Eriksen oppmodar også andre som opplever slikt om å gi beskjed slik at ein får vite kva butikk dette gjeld og naudsynte tiltak vert gjort. 

– Slikt som skjer

For Johansens del tek ho dette med eit smil, sjølv om ho tykte det var litt ekkelt.

– Ja, herregud, det må ein jo. Eg er veldig for økologiske produkt, og eg trur ikkje det har noko med det å gjere. Slikt skjer jo berre. Måten me lever på i dag er litt absurd, der me har ei forventning om at all mat skal vere perfekt. 

– Men det er litt ekkelt at eg stakk handa mi nedi posen. Eg skulle ønskt eg ikkje gjorde det, ler ho. 

Til toppen