GRØNARE FRAMTID: Seksjonssjef for plan, klima og folkehelse i Vestland fylkeskommune, Synnøve Stalheim, er imponert over alle som jobbar for ei grønare framtid. 
GRØNARE FRAMTID: Seksjonssjef for plan, klima og folkehelse i Vestland fylkeskommune, Synnøve Stalheim, er imponert over alle som jobbar for ei grønare framtid.  (Illustrasjonsfoto: Shutterstock)

Sjå kven som har fått økonomisk støtte til klima- og miljøtiltak

Vik kommune, Feios ungdomslag og miljøorganisasjonen Protect Our Winters Norge, som held til i Sogndal, fekk utdelt midlar.

Indre Sogn: I ein pressemelding melder Vestland fylkeskommune at dei fekk inn til saman 52 søknadar til klimatiltak for kommunar, lag og organisasjonar. Det har no blitt delt ut 2, 6 millionar til lokale klima- og miljøtiltak.

Vik kommune har fått 100 000 kroner i støtte til prosjektet «sats på sykkel!» og Feios ungdomslag har fått 30 000 kroner til prosjektet «eit grønt ungdomshus». I tillegg har miljøorganisasjonen Protect Our Winters Norge, som held til i Sogndal, fått utdelt 15 000 kroner.

Imponert over alle gode idear og prosjekt

Seksjonssjef for plan, klima og folkehelse i Vestland fylkeskommune, Synnøve Stalheim, er imponert over alle som jobbar for ei grønare framtid. 

– Den store interessa syner at både kommunar, lag og organisasjonar i fylket har mange gode idear og prosjekt, som bidreg til det store, overordna målet om å klimaomstilla samfunnet vårt, seier Stadheim. 

I haust vert det ein ny søknadsrunde, der både kommunar, lag og organisasjonar kan søkja om tilskot til klima- og miljøtiltak innan søknadsfristen 15. september.

– Me oppmodar dei som ikkje fekk støtte i denne runden, om å søkja igjen i haust, seier  Stalheim.

Til toppen