LAMBORGHINI GALLARDO:  Det var trangt i Kvammegården når alle Lamborghiniane hadde parkert.
LAMBORGHINI GALLARDO: Det var trangt i Kvammegården når alle Lamborghiniane hadde parkert. (Bilde: Øyvind Nondal)

Sjå Lamborghiniane som vitja Lærdal

Slik såg det ut i Kvammegården då Lamborghini-klubben i Noreg var på vestlandstur.

Lærdal: Like over klokka halv to laurdag kom tjue Lamborghiniar brummande inn Kvammegården. Det er Lamborghini-klubben i Noreg som er på vestlandstur.

Klubbmedlem og lærdøl Johannes Einemo seier til Porten.no at treffen i år var den største som har vore. I år var det tjue Lamborghiniar i følgjet, og det har aldri vore så mange på den årlege vestlandsturen. 

Leiaren av Lamborghini-klubben i Norge, Harald Skjøldt, sier til Porten.no at turen starta frå Gol og gjekk til Lærdal, med retur same dag via Fagernes til Gol. Skjøldt seier arrangementet var veldig vellukka. Sjølv køyrer han Lamborghini Miura.

Bading på Tyin

Einemo fortel til Porten.no at køyrevêret var særs fint, og at klubben tok eit stopp på Tyin der fleire tok eit friskt bad i innsjøen. 

Med i reisefølgjet var også nokre svenskar, som hadde ein fabrikkny blå Lamborghini Huracán, avslutta Einemo.

Lamborghini-treff

(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
(Bilde: Øyvind Nondal)
Til toppen