Balestrand: Då Årdal 2/Jotun/Årdalstangen, best kjend som samarbeidslaget, møtte Balestrand førre veke, vart heile kampen fanga på tape.
Vertslaget hadde lagt perfekte rammer for kampen med eigne barnevener til kvar spelar, stor stemning på tribuna og ei splitter ny kunstgrasmatte.
Kampen enda for øvrig med eit 1-2-tap for årdølene, deira einaste denne sesongen, og som også er den einaste kampen dei har slept inn mål på fem kampar.
- Les også: Litt som Leicester, utan Vardy
På tre minuttar har Maido Pakk, som er produsent, Øyvind Engevik, regissør og redigering og Einar Mortveit, assistent og kamera, fanga høgdepunkta frå kampen vist med nydelege bilete.